Vasstun Gjestehus

Norsk English

Aktiviteter

Kva er på ”må gjere” lista?

IHardanger kan ein sitja stille og la storslagen natur fylle ein med næring. Næring som gjer at du kan sprudla. Sommar som vinter. Isbrear, fjell, Hardangervidda Nasjonal Park, Folgefonna Nasjonal Park, Noregs mest spektakulære fossar, eit unikt fjordlandskap. Overveldande naturattraksjonar, kombinert med ei spennande historie og ei rik kulturarv. Tida står stille i augneblinken.

Hjå oss kan du oppleva tusenvis av augneblink, og aktivitetar i fire årstider.

Grip sjansen og få eksotiske minner for livet. Frå kultur til ekstreme opplevingar.


Saman med Hardanger Opplevelse, tilbyr Vasstun Gjestehus eit bredt spekter av aktivitetar. Gjennom vår kunnskap om natur og friluftsliv og ekte glede ved å være ute i naturen, vil me gje deg gode opplevingar som avbrekk frå ein travel kvardag. Aktivitetsmenyen er stor, men stillheit og velvære har ein viktig plass i tilboda. Opplevinga skal være noe for "heile mennesket", akkurat passe utfordrande, akkurat passe vanskeleg, akkurat passe spennande. Hardanger Villmarksleir, paintball, samarbeidsleik/team building, guida turar til bl.a. Trolltunga og Preikestolen, ”vinter moro”, kurs i ølbrygging, sider tur i Noregs største frukthage, fossa safari, kanotur, mini rafting.

Kontakt oss for eit skreddarsydd program. Aktivitetar, møtefasilitetar, overnatting og servering etter dekan ynskjer.

Post5750 Odda, Norway

Post+47 40 00 44 86

Postmail@vasstun.no

ImageImageImageImage