Vasstun Gjestehus

Norsk English

Om Odda

Fossenes Dal

Under snøsmeltinga om våren vaknar naturen til liv. Kontrastar med grøne lier, blømande frukthagar og snødekte fjell. Ein kan då nyta Låtefoss på sitt mektigaste. "Kongen" blant fossane og hovudattraksjonen i Oddadalen "Fossanes Dal". Eit fosselandskap, skapt av breen; eit "jutulhogg" mellom Hardangervidda og Folgefonna.

I denne særprega dalen ligg fossane som perler på ei snor innanfor ein avstand på 10 km.

Les meir »

Folgefonna Nasjonalpark / Buerbreen

Breklatringi nasjonalparken Folgefonna har vorte eit omgrep; kanskje nett av di du kan gripe augneblinken både sumar og vinter. Halvannan times køyring frå Odda finn duFolgefonn Sommarski Senter. Her kan du spenna på deg alpinutstyret i bar overkropp, medan sol og lun sumarvind pleier huda.

Buerdalen er ein sidedal til Odda dalen. Den er ein vakker, vill og frodig dal mellom stupbratte fjellsider. Inst i dalen ligg den flotte Buerbreen som er ein arm av Folgefonna. Buerbreen har eit unikt brefall, med tre brearmar som strekk seg ned i same dal.

Er ein godt utstyrt (godt skotøy) kan ein fylgje ein merka sti frå parkeringsplassen og opp til brekanten. Ei fantastisk oppleving.

Me arrangerer og på alt frå korte dagsturar med klatring i breen til lengre turar med overnatting.

Kontakt oss for påmelding og meir info.

Ringedalen / Trolltunga

Trolltunga er et fjellmassiv som stikker ut over Ringedalsvatnet i ein høgde på ca. 350 meter over vannet. Namnet Trolltunga er eit klassisk eksempel på at forteljingar om tussar og troll heng nært saman med villskapen i naturen. For de aller modigaste er det ei utfordring å begi seg ut på kanten av Trolltunga. Trolltunga er ikkje sikra, og ein ber alle visa forsiktigheit.

Hardangervidda Nasjonalpark

I Noregs største nasjonalpark, Hardangervidda, kan fotturistar gå frå hytte til hytte og søkje påfyll i ei heil mengd varierte turløyper. Her finns mange hytter, både betente og ubetente, og gode løypenett særskilt merka med Turistforeininga sin ”T”. Å gå frå hytte til hytte på Hardangervidda, er noko som er populært både vinter- og sommartid.Å gå frå hytte til hytte på Hardangervidda, er noko som er populært både vinter- og sommartid.

Fjella våre byr på ei reise fylt med dramatikk i eine augneblinken og idyll i den neste. Med dei spesielle turarka, kan du velje å nytte anten bilen eller føtene; eller ein kombinasjon.

Vidda, med blant anna Europas største villreinstamme, er i seg sjølv ei ferie full av mektige opplevingar.

Kontakt oss for påmelding til turar.

Røldal/Seljestad

Opplev vintereldoradoet Røldal, nordens svar på Chamonix. Med Røldal som destinasjon kan du og dine boltre dykk i VestlandsNoreg sin aller vakraste, råaste natur. Anten du elskar offpist-pudder, crispy dagar i velpreparerte bakkar eller langtur på vidda, er Røldal eit godt val.

Seljestad er reine draumen for langrennsturar både for løparar med pallen i sikte – og for barnefamiliar. På Seljestad finner du Korlevoll Skistadion med FIS-standard på langrennsløypene. Hent fram skia, husk SWIX blå og termos. Resten sørgjer fjella og viddane utover Seljestad for.

Odda Sentrum

Odda har eit rikholdig handel- og kulturtilbod. Blant anna eit vakkert vasskraftmuseum, kunstgalleri, overnatting i spesielle omgivnadar, kunsthotell, gjestehus med opplevingar, campinghytter, mange spanande aktivitetstilbod, keramikkverksted, helsetilbod og tradisjonsmat servert i vårt lokale soria-moria!

Odda har ei triveleg gågate med mange gode butikkar som alltid har godbitar på tilbod. Hyggelig betjening i Odda hjelper deg anten du treng sportsutstyr til turen eller ny kjole.

I løpet av året arrangerast mange ulike festivalar og konsertar, og dette er med på å skapa eit variert og livlig lokalsamfunn. Meir om Odda på http://www.visitodda.com

Post5750 Odda, Norway

Post+47 40 00 44 86

Postmail@vasstun.no

ImageImageImageImage